Informasjon

Erlend Håland

  • 20.05.1980 - 28.01.2018

Vår kjære, fantastiske, umistelege son, bror, svoger, onkel og kjærast Erlend gjekk så altfor tidleg bort søndag 28.januar 2018

Erlend var fødd i Bergen 20.mai 1980. I 1982 flytta han til Bremanger, der han hadde ei veldig fin tid, med kort veg til fjæra han vart så glad i. Deretter gjekk turen til Forus ved Stavanger våren 1985, der han også fekk gode kameratar, men alt hausten 1986 flytta han til Hundvåg, med hus ved stranda og gode tider for utforsking av livet i fjæra. Her kunne han halde på dagen lang med å fange småkrabbar og andre småkryp og legge i små akvarier. Så vart det ny flytting, til Træna i Nordland, med ny skule og nye venner. Der budde besteforeldra, og han hadde hatt mange fine somrar der. Då det vart nødvendig med endå ei flytting, denne gong sørover att, var det viktig for oss foreldre å finne ein stad der han kjente nokon på sin eigen alder. Valet var ganske enkelt, det måtte bli Frekhaug. Der hadde han sitt søskenbarn Janne og dei vart nesten som søsken å rekne. Men kan hende hadde all flyttinga gjort Erlend litt rotlaus? Dette har vi som foreldre grubla ein del på i ettertid. Men Erlend klaga aldri, og tok alltid sjølv ansvar for sitt liv som vaksen. Erlend hadde eit vinnande vesen, var kjapp i replikken og hadde lett for å få venner. Han var  nysgjerrig og stilte seg gjerne spørjande til «etablerte sanningar». Erlend var tidleg opptatt av data, og vi har i ettertid skjønt at vi hadde tilgang til internett lenge før vi visste kva det var.  Han var fullstendig uredd, og alltid klar til utfordringar. Mellom anna utfordra han i 2012  far sin til ein 1000km lang padletur Frekhaug-Nordland, med knappe 5 timar kajakk-erfaring på førehand. Med mykje motvind og regn vart dette eit strevsamt eventyr, men det var aldri aktuelt å gje opp. Med 5 veker i lite telt og med både vakre og farefulle situasjonar, vart dette eit viktig og fint minne å ta med vidare, også for mor, søsken og andre  som følgde han på Facebook. Erlend fekk her vist for seg sjølv og andre kva han kunne klare når han først bestemte seg for noko. Om livet hans gjekk i opp- og nedturar, syntes han aldri synd på seg sjølv. Erlend var ein svært god lyttar og samtalepartnar, og var alltid klar til å hjelpe andre. Erlend studerte realfag og IT ved Universitetet i Bergen. Som programutviklar i Tidsbanken fekk han brukt sine gode evner til å tenkje smart, nytt og kreativt, og var sentral i oppbyggingsfasen av firmaet.   Siste året fann han i si kjære Rikke nytt livsmot og pågangsmot til utfordringar, med jobb innan data/IT som sitt førsteval. Det var derfor eit sjokk å få bodskap om hans død, no når det såg så lyst ut. Hans kjære Rikke har vår djupaste medkjensle, og vi håpar vi får behalde henne i familien.

Bilder

Bilde til minneord


Hvis du har noe du ønsker å dele med andre på denne minnesiden, eller om du av andre anledninger ønsker å komme i kontakt med den som er ansvarlig for denne minnesiden, kontakter du: