Erlend Håland

Født 20. mai 1980
Død 28. januar 2018, Meland

Vår kjære, fantastiske, umistelege son, bror, svoger, onkel og kjærast Erlend gjekk så altfor tidleg bort søndag 28.januar 2018

Erlend var fødd i Bergen 20.mai 1980. I 1982 flytta han til Bremanger, der han hadde ei veldig fin tid, med kort veg til fjæra han vart så glad i. Deretter gjekk turen til Forus ved Stavanger våren 1985, der han også fekk gode kameratar, men alt hausten 1986 flytta han til Hundvåg, med hus ved stranda og gode tider for utforsking av livet i fjæra. Her kunne han halde på dagen lang med å fange småkrabbar og andre småkryp og legge i små akvarier. Så vart det ny flytting, til Træna i Nordland, med ny skule og nye venner. Der budde besteforeldra, og han hadde hatt mange fine somrar der. Då det vart nødvendig med endå ei flytting, denne gong sørover att, var det viktig for oss foreldre å finne ein stad der han kjente nokon på sin eigen alder. Valet var ganske enkelt, det måtte bli Frekhaug. Der hadde han sitt søskenbarn Janne og dei vart nesten som søsken å rekne.

Men kan hende hadde all flyttinga gjort Erlend litt rotlaus? Dette har vi som foreldre grubla ein del på i ettertid. Men Erlend klaga aldri, og tok alltid sjølv ansvar for sitt liv som vaksen.

Erlend hadde eit vinnande vesen, var kjapp i replikken og hadde lett for å få venner. Han var nysgjerrig og stilte seg gjerne spørjande til «etablerte sanningar». Erlend var tidleg opptatt av data, og vi har i ettertid skjønt at vi hadde tilgang til internett lenge før vi visste kva det var. Han var fullstendig uredd, og alltid klar til utfordringar. Mellom anna utfordra han i 2012 far sin til ein 1000km lang padletur Frekhaug-Nordland, med knappe 5 timar kajakk-erfaring på førehand. Med mykje motvind og regn vart dette eit strevsamt eventyr, men det var aldri aktuelt å gje opp. Med 5 veker i lite telt og med både vakre og farefulle situasjonar, vart dette eit viktig og fint minne å ta med vidare, også for mor, søsken og andre som følgde han på Facebook.

Erlend fekk her vist for seg sjølv og andre kva han kunne klare når han først bestemte seg for noko.

Om livet hans gjekk i opp- og nedturar, syntes han aldri synd på seg sjølv. Erlend var ein svært god lyttar og samtalepartnar, og var alltid klar til å hjelpe andre.

Erlend studerte realfag og IT ved Universitetet i Bergen. Som programutviklar i Tidsbanken fekk han brukt sine gode evner til å tenkje smart,nytt og kreativt, og var sentral i oppbyggingsfasen av firmaet.

Siste året fann han i si kjære Rikke nytt livsmot og pågangsmot til utfordringar, med jobb innan data/IT som sitt førsteval.

Det var derfor eit sjokk å få bodskap om hans død, no når det såg så lyst ut.

Hans kjære Rikke har vår djupaste medkjensle, og vi håpar vi får behalde henne i familien.

Minneord

Vi vil aldri gløyme deg, kjære Erlend! Dine gode smil vil vi alltid hugse! Kvil i fred!
Tante Signy og onkel Svein  07-02-2018


MinneordKjære gode guten min ❣Eg er så uendelig trist for at det skulle gå slik...Vis mer
Tante Magni  06-02-2018


MinneordKjære snille, gode og omsorgsfulle Erlend !
Du reiste fra oss så altfor tidlig...Vis mer
Onkel Geir S  06-02-2018


Minneord
Klikk for å se forhåndsvisning
❤Min kjære elskede Erlend ❤
Du som var så ekte, sjenerøs, inkluderende og for snill for denne verden spør du meg, for det lå i din natur, og du hadde altid uansett om vi måtte tåle mye turbulens hadde du en ro og behagelig måte å få meg til å slappe av igjen, som jeg trengte og jeg hadde noe du trengte tydeligvis...Vis mer
Rikke isabel   05-02-2018


MinneordKjæreste Erlend vår. Hjertet er tungt av sorg over å ha mistet deg så altfor tidlig...Vis mer
Ingrun Kjenes  05-02-2018


MinneordMin kjære kjære Erlend ❤ jeg gråter for at vi mistet deg så altfor tidlig 😢 jeg har så uendelig mye å takke deg for ❤ tenker på deg hver dag ❤ ❤❤
Tante Siv   04-02-2018



Se alle hilsener Skriv et minneord

Informasjon om seremonien

Gravferd frå Meland kyrkje fredag 9.februar kl 11

Adresse til begravelsesseremonien
Meland kyrke,Bjørnestadvegen 262,5918,Frekhaug

Bestill blomster

Bestill blomster til seremonien eller til familien til minne om Erlend

Bestill blomster

Gi en minnegave

til Kirkens Bymisjon i Bergen til minne om Erlend  Håland

Gi en minnegave

Tenn et lys

Rikke isabel longberg
08-09-2018 

Rikke Isabel Longberg
14-02-2018 

Vigdis Straume
13-02-2018 

Mona og Randi
09-02-2018 

Solveig og Thor Magne
09-02-2018 

Sissel og Paul
09-02-2018 

Britt-Elin og Turid
09-02-2018 

Gry
09-02-2018 

Kristin
09-02-2018 

Evy
08-02-2018 

Skriv inn teksten du ser i bildet under skjemaet.
Tekst i bildet
OppdaterNy kode
   Hør koden

Vis alle tente lys

Følg Erlends minneside