Minner om mamma
Dei første åra og oppveksten:
Aud Jorunn (30.01.33), født og oppvaksen på Kolstad med foreldra Svanhild og Kristoffer og med storesøster Ingrid.
Det vart ingen enkel start på livet. Mamma var heimefødt, men litt i tidligaste laget og veide kun 7 mark (1,75 kg). Men dei visste råd, karte ull og plasserte ho i den i ei kommodeskuffa.
Mamma gav ikkje opp så lett, og overlevde tidleg-fødselen og vaks til. Ho var ganske så sta som jente, men kunne og vera mjuk. Som minstejenta kan det nok hende ho slapp billigare frå det nokon gonger enn storesøster Ingrid.
Ho og Ingrid fekk ein god heim på garden på Kolstad, men dei måtte tidleg hjelpa til med det som måtte gjerast. Det første dei gjorde når dei kom heim frå skulen var å skifta kle sånn at dei kunne vera med på arbeidet.
Det var ikkje så enkelt å veksa opp under krigen, og alt som kunne nyttast måtte tas vare på. Og ungane var med på alt saman og måtte tidleg hjelpa til på og utanfor garden. Det vart tatt torv i Tveitemarkane, slåtten heima på garden måtte gjerast samt arbeid med potna.
Det var ikkje vanleg med så mykje leik den gangen, men sommarstid gjekk dei i bad når dei vaksne kvilte middag. Og kvar søndag gjekk dei opp på Kolstadfjellet. Vinterstid gjekk dei mykje på skøyte både på dagtid og i måneskinnet.
Litt leik vart det og. Dei spela handstein og slåball. I påskehelga var tradisjonen at dei vaksne også vart med og spelte, både foreldra og naboane. Då vart da eit sværa liv.
Åra med krigen var sjølvsagt vanskelege for alle og heller ikkje ufarleg. Ho mamma drog dyna over hovudet når flyalarmen gjekk. Heima vestom huset fant dei granatar. Når ungane var med mora ut i Skageneset forstod dei ikkje kvifor dei hadde med seg så mange kaker, og kor desse kakene blei av.
Skulegang, arbeid og etablering:
Etter den obligatoriske skulegangen gjekk mamma et år på Fylkesskulen på Manger. Der gjekk det i handarbeid, matlaging og lekser.
Etter Fylkesskulen fekk ho seg arbeid på Bomullsvarefabrikken (Arne Fabrikker i Ytre Arna), og var der nokre år. Ho var ikkje gamle jenta, men var arbeidssam og flink.
Seinare vart det arbeid på PL (notfabrikken) i Storsandvik, og ho var der i fleire år.
Men mamma skulle få enda år med skulegang. Ho gjekk på Fløksand Husmorskule (i skuleåret 1954/55) med en ung frk. Ingrid Espelid som husstellærerinne.
Så vart det kjæresteforhold og kjærligheten som fekk stå i sentrum, og ho gifta seg med Kalle jonsokafta 1956. Men ho slutta aldri å arbeide. Etter at borna var født jobba ho for Fiskenett på Manger med å bøte saman nøter. Dette arbeidet vart gjort i heimen over to stødige bukkar, og me huska endå den «gode» lukta frå nøtene.
Familie og barn:
Gifta seg med Kalle (namnet Karl blei aldri brukt) jonsokafta 1956.
Fekk to søner (Kjartan og Nils med knappe 15 månaders mellomrom)
Mamma og pappa ønska å byggje seg hus på Kolstad. For å spare pengar til det, reiste pappa til sjøs og mamma var att heime aleine med to små gutar. Huset blei bygd og sto ferdig i 1962 og Elin vart født same året.
Huset blei til ein heim med mykje trygghet, glede og musikk. Mamma var glad i plantar og blomster, og etter kvart vart hagen større og større. Mamma var svært glad i å synge og song i kor. Mamma slutta i koret etter at me ungane kom til, men ho slutta aldri å synge. Det var ein av dei tinga ho likte best å gjere heilt til det siste. Ho song også den siste dagen hennar i lag med Nils og Marie som var på besøk ved middagstider.
Ho har alltid hatt flittige hender og har arbeidd mykje i tillegg til å halde hus og heim. Når me var små satt ho heime og bøtte garn for Fiskenett. Seinare starta pappa Radøy Fjernsynsservice og då jobba dei side om side, han i verkstaden og ho i butikken og på kontoret. Ho var alltid flink med menneskje, ho prøvde å lære oss ikkje å oppføre oss annleis mot «Kong Salomon» enn «Jørgen Hattemaker», at ein ikkje lar seg blende ut i frå tittel men heller ut i frå korleis den enkelte er mot sine medmenneske.
Ein kveld i 1980 då mamma og pappa var på veg heim frå arbeid råka dei ut for ei bilulykke der mamma blei alvorlig skada i hovudet og nakken. Takka være god hjelp på ulykkesstaden og eit langt sjukehusopphald som kravde enorm uthaldenhet og styrke, kom ho seg på beina att. Ho var bestemt på at dette skulle ho klare, og då blei det sånn. Mamma gav aldri opp.
Vaksenliv og alderdom:
For mamma var det viktig at menneska rundt henne hadde det bra. Ho var villig til å gi avkall på alt anna viss det kunne hjelpe, og spesielt viss det var for nokon ho var glad i. Men ho stilte også opp for folk ho ikkje kjente. Ho hadde eit sterkt utvikla «omsorgs gen». I «pensjonisttilværa» valte ho å være besøksvenn og støttekontakt for ei dame som trengte hjelp, og ho fortalte ofte kor givande ho tykte det var.
Det er fleire måtar å spørje «Korleis har du det» på. Det er ikkje vanskelig å kjenne kva svar den som spør håper på å få. Dei fleste håper på eit «Berre bra!». Mamma var ikkje slik, ho ville verkeleg vete korleis du hadde det. Kva som bekymra eller gleda deg, og kva som rørde seg i livet ditt.
Mamma var sterk i si gudstru, sjølv om ho ikkje snakka mykje om det. Det er godt å tenkje tilbake på at eg kunne høyre ho bad kveldsbøn med barnebarn ved kvart einaste mogelege høve. Etter dei hadde sagt «Gud bevare far og mor», fortsette dei med å ramse opp namna på alle dei var glad i, og hekta ofte på venner og kjente og. Det seier seg sjølv at dette kunne ta litt tid J
Mamma tok førarkort ganske seint i livet. Da skulle visa seg å vera svært nyttig all den tid me miste han pappa så altfor tidleg. I mai i år hadde ho mamma vore enka i 20 år. Å mista han pappa så tidleg i livet var ei stor sorg for henne og for oss alle.
Ho kom seint i gang med kjøringa men likte det godt. Og ho kjørte den sprekaste bilen, «det grøne lynet». Til tross for at ho var engstelig for å køyre i tunnellar, køyrde ho likevel rett som det var til Lærdal. Det er ein strekning med over 50 tunnellar, inkludert «Verdas lengste», men når ho hadde bestemt seg, så gjennomførte ho det uansett.
Mamma var limet i familien. Ho hadde oversikt over alle bursdagar og elles det som føregjekk. Ho ringte til oss borna og minna oss på alt mulig.
Dei siste åra tok «Demensutviklinga» meir og meir over mamma. Sjølv om dette var vondt, er me likevel takknemlig og glade for at ho kjende oss heilt til det siste. Ho sovna stille og fredeleg inn utpå kvelden med handa si trygt i handa til Kjartan.
Vis mer
Vis mindre