Informasjon

Sven Hermansen

  • 14.01.1941 - 27.05.2018

Minneord

Pappa vart født 14.januar 1941 i Tyssedal og Tyssedal skulle bli veldig viktig i oppveksten hans.  Han var eldste sonen til Selma og Sverre, og fekk etterkvart to brødre; Rolf og Harry. Selma var frå Solend og Sverre var frå Tyssedal og mor hans Hilda var oppvaksen på Helland. Sverre og søskene var på Helland om sommarane. Denne «treenigheten» Solend-Tyssedal-Helland vart viktig for pappa.  Då han skulle begynna på skulen var dei i Tyssedal og det vart bestemt at han skulle starta skulegangen der og han vart buande hjå bestemora Hilda og bestefaren Klaus. Han endte opp med å gå heile grunnskuleløpet i Tyssedal. Han var den første i familien sin som tok universitets- utdanning. Han ville bli tannlege, men det var ikkje studietilbod i Bergen enno, og han kom ikkje inn i Oslo fordi han hadde gått engelsklinje i staden for naturfaglinje på gymnaset. Han reiste difor til Universitetet i Bonn i 1961 og studerte der i 2 1/2 år. I mellomtida hadde Odontologisk institutt åpna i Bergen. Han vart del av Kull 3 og var ferdig utdanna i 1966. På instituttet møtte han Bjørg Ludvigsen, den stiligste dama på Landås. Ho hadde jobba i skuletannpleien, men hadde blitt headhunta til det nye instituttet og var den første som vart ansatt som klinikkassistent der. Dei gifta seg 18.juni 1966 her i Manger kyrkje og dei første åra som nygifte vart det mykje flyttting og mange ungar. Etter ei kort bryllupreise til Toska flytta dei til Maugstadmoen i Finnmark der pappa avtjente militærtjenesta. Her vart Sven Bjørnar født og dei fekk seg hund, Stella, ein jakthund som betydde veldig mykje for pappa. Deretter flytta dei til Steinsland i Sund kommune der det var 1.5 år pliktjeneste. Medan dei budde der vart eg (Kristine) født.  I 1969 flytta dei her til Manger og pappa opna praksis i tannlege Hole sine gamle lokaler, og familien budde i den gamle doktorbustaden. Det vart for lite der når unge nummer tre, Sissel, vart født, så då pakka dei flyttelasset igjen og flytta til Fleischer-huset. Og kva skjer ? Jau, nytt hus, ny unge: Anne Britt. Då meinte mamma at det måtte vera slutt på flyttinga. Så fleire ungar vart det ikkje, men Stella fekk valpar ….. 7 stk! Familien har etter kvart blitt endå større og dei har fått 5 barnebarn og 4 bonusbarnebarn. Mamma og pappa har alltid hatt åpent hus for både slekt, venner og musikkfolk. Me har hatt mange musikklagsfestar heime hjå oss. Huset var fullt av folk heile sommaren, for slekta frå Tyssedal og Oslo kom på besøk kvart år. Midt på 70-talet vart Helsehuset her på Manger ferdig og mamma og pappa kjøpte tannlegebustaden i Grønålvegen og der hadde dei praksis i 38 år. Dei var eit godt team og mamma seier han var ein fantastisk ektemann.  Han var engasjert i mangt og mykje, kunnskapsrik og glad i å prata og hadde alltid ei historie å fortelja for dei som ville høra på han.  Me kan ikkje snakka om pappa utan å nevna friluftsliv. Han vart tidleg glad i å vera ute i naturen. Allerede som 14-åring var han aleine på tur i fjellet i Tyssedal med overnatting. Her på Radøy var han ute til alle døgnets tider på jakt eller fiske. Når han drog ut visste mamma aldri kortid han kom heimatt. Ein gong han var på veg heim tidleg på morgonen møtte han ein kjenning som kommenterte kor tidleg pappa var ute å farta. Då svarte han : «Eg har nok sett fleire soloppgangar enn dei fleste. Ikkje fordi eg står så tidleg opp, men fordi eg er så seint i seng.» Han hadde eit veldig stort engasjement for alle hobbiane sine og han gjekk alltid «all in». Pappa har hatt mange hobbiar i årenes løp; Jakt –han begynte tidleg å gå på jakt og fekk kameratar i studentmiljøet som også likte dette og dei dro i fleire tiår til Tydal på rypejakt. Her på Radøy vart det hjortejakt. Han har også jakta i Skottland fleire gongar.  Fiske- det har også vore mykje aktivitetar som har med fisk å gjera. Han har fiska mykje både på sjøen og i ferskvatn.I Nesvågen hadde han oppdrett av settefisk saman med Kolflaath’n og i Hallandsvatnet hadde han oppdrettsanlegg for regnbueørret. Tjorehagen har han også engasjert seg i. Han vart godt kjent med Olav Tjore. Han var med å starta Tjorehagens venner og sat i Interimstyret i byrjinga. Han vart lidenskapleg opptatt av Rhododendron. Han gjekk frå å knapt ha tid til å slå plenen til å bruka timesvis i hagen med stadig nye plantar.  Vinklubben- pappa drakk aldri alkohol når me var små, men typisk pappa: Når han først fekk interesse for noko, så blei han så utruleg opptatt av det og gjekk inn med hjerte og sjel. Slik var det også med vininteressa. Han gjekk «all in» på alt. Nøydde seg ikkje med å smake på nokre vinar, nei, han måtte jo bli vinekspert.  Det siste store prosjektet hans var å starta oppdrett av rapphøns saman med bestkameraten Harald ute på Helland.  Det som har tatt klart mest tid er heilt klart Manger Musikklag. Han spelte i MML i 30 år og dirigerte i 2 år og var med i styret. Han vart æresmedlem i musikklaget i 1990 og var deira største fan heilt til det siste. Han var også med på å starta Brass Band klubben.  Manger Skulemusikklag har han også vore involvert i . Han var dirigent i mange år og har også vore formann. Hordabø skulemusikklag dirigerte han i fleire år og han var med å starta Sæbø skulemusikklag. Han har vore ein svært engasjert mann her i bygda og på Radøy og fekk Radøy kommune sin Kulturpris i 1994.   Aller som kjenner Sven Hermansen veit at han hadde problem med «tid». «Han kan klokken, men han kan ikke tiden.» var det ei som sa om han. Han var alltid seint ute , så det er mange historiar på den fronten. … Ein gong på 80-talet skulle me til England med MML. Heile familien skulle vera med. Bussen som Rasmus, bussjåføren, hadde bestilt, var blitt satt inn til ein pensjonisttur. MML fekk ein gamal skranglebuss, så pappa tilbudte seg å køyra bilen sin med slagverket. Rasmus var visst ganske fornøyd då han såg pappa køyra opp Prestbrekka med bilen, for då var han sikker på at pappa ville nå ferja. Det Rasmus ikkje visste var at pappa sjølvsagt måtte oppom Halland og mate fiskane før han køyrde vidare for å nå ferga. Stor var difor overraskelsen då pappa og Sven Bjørnar kom susande nedover mot fergekaien i Knarvik og fekk slengt bilen inn på ferja omtrent idet bommen gjekk ned. Det vart ein del «nær – bommen –opplevingar»….. Pappa laga sjeldan mat då me vaks opp. Hvis han gjorde det så var det ryper frå Tydal eller fisk på ein søndag. Ein gong på 80-talet , det var 2.juledag, fekk pappa det for seg at han ville laga Peking and. Han kom sjølvsagt seint i gang, leste oppskrifta veldig nøye, på ettermiddagen kom det sjølvsagt ein pasient, det tok litt tid, så var det tilbake til anda, så kom det endå ein pasient for han avviste aldri nokon med tannverk, det varte og det rakk, me maste på mat, mamma sa det blir snart.. .«Snart» viste seg å bli kl.11 om kvelden. Ingen hadde spesielt lyst på and på det tidspunktet og ikkje var det godt heller… Dei seinare åra tok det seg opp og kvar gong det var vilt som stod på menyen briljerte pappa på kjøkkenet til glede for familie og vennar.  Men apropos pasientar og tid… Når han behandla pasientar gjorde han alltid skikkeleg arbeid. Og skikkelge arbeid tek ofte litt tid. Om ikkje han var forseinka i gang fordi han kom for seint heim frå jakt om morgonen /natta, så blei han ofte forseinka utover dagen. Det var mang ein pasient som måtte vente lenge og vel på venterommet. Ein gong var det ei dame som var veldig flink til å strikke. Ho var så lur at ho tok med seg strikketøyet sitt. Pappa måtte gjera ein del teknisk arbeid, og ho gjekk til og frå mellom tannlegestolen og venterommet og sat der og strikka. Det varte og rakk, til slutt gjekk mamma og låg seg. «Hvordan gikk det», spurte mamma pasienten neste dag. «Jo, genseren blei ferdig den.» Eg får no håpa at det var ein barnegensar…!!  Til slutt må me innom den siste tida- Me såg sjeldan eller aldri pappa sjuk då me vaks opp. Men når han først vart det, vart det også veldig mykje sjukdom. Pappa fekk sitt første hjarteinfarkt hausten 1990. Det skulle verta fleire av dei, og han var gjennom det meste ein hjertepasient kan koma borti.  Etter hjerneslaget i 2014 vart førligheten kraftig redusert og helsa svekka og han var mykje sjuk dei siste åra. Trass i sjukdomen hadde han ein utruleg livsvilje og evne til å komma seg på beina att. Me sa ofte at pappa har ni liv.  Til tross for at han var nokså redusert på slutten kjem me til å hugse pappa som ein aktiv og dedikert mann med eit stort hjarte. Pappa var ein god og snill pappa. Var det noko me ikkje fekk lov til av mamma gjekk me til pappa, for han sa alltid ja. Han var også veldig avbalansert, det skulle veldig mykje til før han hissa seg opp. Han var høflig, hjelpsam, kunnskapsrik og pratsom og hadde alltid ei historie på lur.  Heilt til slutt vil eg berre sei: Kjære pappa! Du vil for alltid vera i våre hjarter og du vil bli sårt sakna!

Bestill blomster Blomster
Gi en minnegave Minnegave