Informasjon

Sverre Kolstad

  • 25.03.1946 - 23.07.2018

Minnetale

Då er me kome så langt at eg på vegne av familien vil seie nokre ord til minne om deg pappa.  Du er fødd i 1946.  Foreldra dine var Sverre og Solveig Kolstad. Du har 2 søsken. Inger Berit er eldst og Øyvind er 1 år yngre enn deg. Først budde de på loftet på heimegarden på Kolstad.  Då de flytta til Manger hadde de butikk i 1 etg i huset i Prestbrekka. Det var travelt å drive butikk og de måtte tidleg hjelpe med husarbeid og arbeid i butikken. Pappa har fortalt at han og broren byrja tidleg å køyre varebil.  Allereie som 13-14 åring var han sjåfør med faren som sidemann når varene skulle leverast. Det endte med at lensmann Ottesen troppa opp heime hos dei og gav beskjed om at han var nok i yngste laget til denne oppgava. Lensmannen var nok nesten like glad når pappa fekk gyldig førarkort!  Vidare har du fortaldt oss om gutedagar som var prega av gode kamerater, leik og konkurranse.   I følgje deg var det nesten ikkje ein ting ein ikkje kunne konkurrera om. Pappa kom frå ein musikkglad familie. Faren spelte i Manger Musikklag og mora song i songkoret. Du fekk trompet i 10 års presang og starta i Manger Musikklag. Musikklaget og seinare Old Star Brass kom til å bety mykje for deg og du har mange vener frå den tida.   Pappa gjekk 7 år på folkeskule. Etter dette gjekk han på framhaldskule og på realskule i Alversund. Etter realskulen begynte han i Bergen på Tanks gymnas saman med broren. Deretter bar vegen til militæret på Odderøya i Kristiansand på rekruttskule. Etter rekruttskulen ville pappa tilbake til vestlandet. Han avtjente verneplikta på Herdla fort - og sidan han kunne lage kvit og brun saus fekk han jobben som kokk. På den tida var det ikkje bru til Herdla. Pappa måtte derfor ro over Herdlesundet når han skulle til og frå perm. Herdla er ein vèrhard plass, og ein gong gjekk det nesten gale når han måtte ro over sundet i stiv kuling.  Pappa måtte avbryte verneplikta fordi faren vart sjuk og han måtte hjelpe til i butikken. Då faren friskna til vart det spørsmål om kva han skulle gjera. Mora ringte rundt for å forhøyra seg om det var nokon som hadde bruk for ein lærarvikar og det hadde dei i Modalen. Og slik havna pappa på Mostraumen skule. Også her måtte han ro. Lørdagar tok han rutebåt for å undervisa inne på Mo skule i Modalen. Anna kvar helg fekk han reise heim. Lyset i lyktestolpen på kaien måtte vera på om morgonen kl 6 for at rutebåten skulle kome inn for å henta han. Pappa sitt mareritt var at lyspæra skulle slukna om natta slik at båten gjekk forbi kaien og han ikkje fekk reise heim.  Etter å ha prøvd seg som lærar i Modalen, fann han ut at dette var eit yrke han likte og han byrja på lærarskulen på Stord. Det var ikkje vanskeleg å få seg lærarjobb på Manger etter endt utdanning. Skjellanger som var skulesjef, fiksa det slik at pappa fekk seg jobb. Skulesjefen trengte også ein midtstoppar til fotballaget. Pappa sa ja til begge delar, og var aktiv fotballspelar i mange år.  Han jobba så og seie heile yrkeslivet på ungdomsskulen her på Manger. Pappa likte å arbeide med ungdomane. Han var kanskje streng, men elevane visste kor dei hadde han. Med sin lune humor og treffande kommentar kom han godt ut av det med dei fleste elevane.  Me ungar kan minnast mange rettebunkar heime på kjøkkenet.  Pappa og mamma møttes på dans 17.mai i 69 og gifta seg i 71. Eg kom til verda same året, Gullborg 2 år etter og Tor Sverre i 83. Dei 10 første åra gjekk det i jobb, familie, fotball og musikklag.  Instrumentet til pappa vart  juf (euphonium) og det er ikkje få konsertar på samfunnshuset på Sletta me har vore med på. Det kunne av og til bli litt langdrygt og kjedeleg for oss ungane. Men mange gode kaker i kaffipausen var alltid kjekt. Når pappa spelte med Manger Musikklag på NM i Grieghallen så sat me alltid på første rad og syntes det var stor stas. Som trebarnsfar kom det til eit punkt der mamma meinte tida ikkje strakk til. Pappa slutta i musikklaget og byrja etterkvart i Old Star Brass. Dei neste åra engasjerte pappa seg no mykje i fotballaget til Tor Sverre. Du hadde mange gode minner som trenar og oppmann for guttelaget gjennom mange år. Pappa var glad i friluftsliv. Me ungane har alltid vore tatt med ut på tur. Han var også glad i å gå på ski og me hadde mange dagsturar i området rundt Dyrkolbotn. Du ville på toppen og me blei dratt med i dei brattaste bakkane. Me minnast tøffe, men flotte turar til m.a Knolten og over Blåfjellet saman med storfamilien.  Han var og glad i å sykle. Mest likte han å sykle seg ein tur Radøy rundt for trimmen sin del, men han deltok også i sykkelritt og konkurransar. Etter han fylte 60 meldte han seg på veteran NM - og tok medalje. Vi «ungdomar» hadde store vanskar med å holde han når vi sykla saman. Sykling kan vere ein dyr idrett. Pappa var ikkje opptatt av dyrt utstyr. Han blei nok satt litt ut den gongen på Askøy når ein av konkurrentane stilte med sykkel til 60.000. Fyren med den dyre sykkelen slo pappa berre så vidt. På Askøy kjørte pappa både landeveisritt og tempo. På tempoen bøtta regnet ned når pappa stod klar på startstreken, litt nervøs og med sykkelen i feilt gir. Det endte med at han tråkka kjedet av og Tor Sverre som var sørvismann må ile til og hjelpe han. Pappa tok det heile med eit stort smil. Det blei ei god historie som vi har hatt mykje løye med seinare. Eg trur han endte sist den gongen.   Sport var viktig for pappa, og han fulgte godt med på alt som foregjekk på tv. Fotball, skøyter og friidrett var favoritt idrettane. Det var ikkje lett å sette han fast når familien var samla til quiz og kategorien var idrett. Mamma og pappa har også hatt mange fine ferieturar på sykkel i inn og utland. De var tidleg ute med å dra på sykkelferie.  Allereie i 93 drog de på første turen til England og sidan blei det fleire. Når vi ungane vaks til og pappa og mamma fekk meir tid til seg sjølv, kom interessen for det «gode liv». Det vart mange turar i inn og utland med vener og saman med familien. I Mogan på Gran Canaria fann dei draumeplassen som dei besøkte fleire gonger. God mat og vin blei ei viktig interesse for pappa. Han og mamma diska opp med mange nydelege måltid med vinsmaking til. Han blei etterkvart litt av ein vinekspert. Når vi ville ha anbefalt ein god vin var han vi ringte til. Pappa likte å jobbe med hendene og han var svært nevenyttig. Huset på Hesthaugen var eit stort prosjekt. Han fekk hjelp til reisverket, men gjorde ellers mykje sjølv. Seinare renoverte han gamlehuset i Prestbrekka. I tillegg har han hjelpt oss ungar med våre husprosjekt, og aldri vore vanskeleg å be. Det siste prosjektet var hytta i Birkelandsvågen. Han og mamma hadde hatt lyst på denne plassen lenge, og når dei endeleg fekk sjansen slo dei til. Pappa fekk gjort mykje der ute før kreftene tok slutt. Det å bli bestefar var stort for han.  Han sette stor pris på å få besøk av barnebarna og møtte dei alltid med ein god kommentar. Han var leken og klar for eit slag kort, fotball i Grønålen m.a.  Pappa syntes det var viktig å ta barnebarna med på tur, så det har vore mange turar på Nøttveitveten.  Dei siste åra etter du fekk beskjed på Radiumhospitalet at ein ikkje kunne kurere kreften så valgte du livevel å fokusera på å leva.  Du hadde så lenge som mulig fokus på det friske i deg.  Me er uendeleg glad for den tida me har hatt saman med deg pappa.  Du har betydd mykje for oss og me veit at du og har betydd mykje for mange andre.  Me lyser fred over minnet ditt.

Bestill blomster Blomster
Gi en minnegave Minnegave