Dagny Døyde 24 juli kl 1810 På Meland Sjukeheim der ho flytta inn i desember 2017.
Ho fekk eit kaftig slag laurdagskvelden og døyde nokre dagar seinare
Ho gav ofte uttrykk for at ho hadde det godt på sjukeheimen og ho følte at dei tilsette der var både vener og naboar.
Litt om Dagnys oppvekst og vaksen alder.
Dagnys foreldre var Gustav og Dina Krossnes.
Begge var fødd på Flatøy men dei kjøpte seg gard på Moldekleiv nærmare bestemt Drageneset i 1922.
Dei Fekk fire born, alle jenter.
Aslaug
Dagny født 1924
Gunvor og til sist
Audhild.
Der budde dei fram til 1936. Gustav overtok då farsgarden i Krossneset på Flatøy
Dagny fortel om ei god oppvekst i Drageneset med god og fin kontakt med naboane.
Gustav var vekependlar til bergen der han var formann på Fagerheim Fabrikker
(lagde store snurpemøter for havgåande fiskebåtar)
Mor Dina og jentene dreiv den vesle garden, jentene gjekk til Grasdal på skule
Kvar laurdag då far kom med båten til Litlebergen var dei på kaien og tok imot
Og hjelpte å bera varer heim som han hadde med seg, av og til fekk dei sitja på med ein nabo som hadde hest og vogn på kaien. Ho fortel om desse laurdagane som festlege.
Om søndagskvelden var det omvendt. Då hadde far Gustav egg med frå garden som han hadde fast mottakar for i Bergen.
Dei åre dei budde i Drageneset bygde dei nytt hus og løe.
Den yngste søstra, Audhild, vart fødd etter at dei flytta tilbake til Flatøy.
På Flatøy var det då nett bygd ny skule og skulevegen vart kortare.
Men det var ingen vidaregåande skule den gong, og Dagny måtte tidleg ut i diverse huspostar og hjelpte til på garden heime i Krossneset.
Då krigen kom i 1940 var ho i teneste hjå onkelen sin i Bergen der dei nett hadde fått ein baby i huset og i redsle for bombing vart det i familien bestemt at barn og kvinner skulle evakurerast til Masfjorden der tanta var frå.
Mor fortel at då evakueringsbåten passerte Krossnessundet på veg nordover var ho sterkt frista til å symja heim.
Opphaldet i Masfjorden varte eit halvt års tid.
På Flatøy er det ein gard som heiter «Støa». Oppe i støa er eit velkjent begrep på Flatøy. Der budde det ein ungdom som heitte Arne, og Dagny og han fann tonen og dei gifta seg i 1943 og ho Flytta dit. Ho var då 19 år. I Støa budde ho til ho flytta til omsorgsbustad på Frekhaug i 2016.
Far til Arne, Johan, døyde i 1942 og Arne dreiv garden saman med mor si Alvhilde og søskena sine.
Søstra til Arne: Tante Margot, som i 1943 var 14 år, fortel at då Dagny flytta inn i Støa vart det mykje liv og moro, og med besøk av slektningar frå Bergen i Helgene sprang Dagny og gjorde sitt beste for at alle skulle trivast både med mat og husly.
Dagny var erfaren med gardsarbeid og tok fort sin del av ansvasret for å sjøtta garden. 4 kyr, hest, gris og høner skulle har sitt stell. Seinare vart det og sauer.
Arne hadde arbeid ved sia av gardsdrifta og var i perioder vekependlar til Bergen.
Arne og Dagny fekk 3 born:
Johan Alv f: 1944 - Geir f: 1946 og Åshild i 1951.
Ho etterlet seg og 8 barnebarn, 15 oldebarn og eit tippoldebarn
Gardsarbeid er hardt arbeid. Fjøsstell morgon og kveld. Melka skulle til Meieriet på Litelbergen og melkespanna måtte med til kaien på Flatøy Vest til fastsatt tid. Der hadde alle bønder på Flatøy sin tørn med å ro melkespanna til Litlebergen. Om vinteren var det berre om morgonen, men ellers i året både morgon og kveld.
Når Arne var borte på Arbeid måtte Dagny ta del i dette arbeidet.
Mange av gardane på Flatøy har utmarksteigar i Håøy, og om sommaren kunne kyrne beite der.
Då måtte Dagny ro dit og samla kyrne og melka dei der og frakta melka heim i spann.
Dagny var aktiv i Husmorlaget på Flatøy og var fast skrivar i laget si avis. Noko ho syntes var fint og utfordrande. Ho skreiv mykje om dagleglivet på garden og på Flatøy.
Dagny var og flink med symaskina, og mange kom til ho med stoff både til kjolar, kåper, bukser og anna. Strikking og anna handarbeid høyrde også med
Borna fortel om ein flott oppvekst der dei var med i arbeidet på garden og etterkvart som åra gjekk måtte dei også vera med i transporten av melkespann til Litlebergen.
Dyrehald vart avvikla på 80 talet og Dagny og Arne kunne ta seg ferie, og dei farta rundt i Norge med Tog og buss, eller dei var med nokon av barna på ferietur i bil.
Etterkvert lokka også utlandet og turar til Middelhavet var populært.
I 1996 døyde Arne og ho vart å leine i huset i Støa, men borna budde ikkje langt unna og barnebarna har alltid hatt eit nært forhold til farmor eller mormor, både med besøk og på feieturar i inn og utland.
Borna fortel om ei aktiv dame, med ein kjapp replikk og synspunkt både på det eine og hitt. Altid hjelpsom både som barnevakt, venn og venninne.
Ho var også BRANN patriot, og kunne sei ein sundagskveld om BRANN hadde vunne. «Det kjennes så godt inni meg»
Rundt 2010 bestemte ho seg for å ta langtidsferie på Kypros, desember til påske.
Der reiste ho, saman med søstra Gunvor, til ho var 91 år.
NB
Dagny døyde brått og uventa og 4 av borneborna og 7 av oldebarna nådde ikkje heim til begravelsen,
Noko som gjer saknet etter ei kjær farmor og oldemor ekstra tungt for dei.
Vis mer
Vis mindre