Informasjon

Liv Kari Ness

  • 11.11.1940 - 24.09.2018

Liv Kari

Liv Kari var fødd på Eidslandet 11.11.1940. Foreldrene var Maria Møster og Jacob Victor Ness. Søstra Elin var fødd tre år tidlegare. Mor deira døde når Liv Kari var tre år gamal. Faren gifta seg seinare oppatt med Dagny Vetlejord og dei fekk to søner, Kåre og Bjarte.  Liv Kari vaks opp og budde på Eidslandet fram til 1977. Ho gifta seg med Gunnar Eide i 1961.Ho var heimeverande husmor. Dei har fire born saman; Dag,Bente,Hildegunn og Stein. Liv Kari fekk ei jente i 1957, Marit, som vart adoptert bort og vaks opp hjå gode adoptivforeldre.  I 1977 flytta Liv Kari frå Eidslandet. Liv Kari og Gunnar skilde seg, og ho flytta til Lindås. Ho traff seinare Hans Bremnes, og dei gifta seg etter mange år som sambuarar i 2006.  I 2002 flytta Liv Kari til Bremnes i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Ho og Hans overtok barndomsheimen til Hans sine foreldre, som dei bygde om til ein flott og moderne bustad. Dei budde der fram til Liv Kari døde.  Liv Kari likte å samle storfamilien rundt seg. Ho stelte ofte istand samankomstar på Bremnes.  Liv Kari tok utdanning ved Garnes vgs i teikning form og farge i godt vaksen alder. Ho hadde ulike jobbar etter at ho flytta frå Eidslandet, både på saft og syltetøyfabrikken på Seim, bensinstasjonen på Lindås og på Husflidstova på Lindås. Innimellom dette var ho også deltidsfiskar. Ho og ektefelle Hans, eigde sjarken Øyavåg. Og med sjarken fiska dei i mange år leppefisk med teiner, som dei leverte til fiskeoppdrett.  Liv Kari var kreativ og likte å skape med hendene. Ho malte, teikna og sydde. Ho skapte mange vakre ting som no står som eit av minnene om henne. 

Bestill blomster Blomster
Gi en minnegave Minnegave