Til Jonfred
Det vert litt stillare no
På Kolstad Hovedgård
Når det ikkje lenger er dei to
Slik det var i 70 år
Det vert ikkje fleire høglytt; Velkommen!
Med påfølgande arm i været
Og sigaretten godt planta i gommen
Slik han alltid tok imot sine kjære
Det vert ikke fleire «hallingkast»
Nynnande på ein song
På veg mot kjøkkenet i all hast
For å «sløkkja» ein trong
Av kraftuttrykk, det vert ikkje fleire
Pass påskrivd til kjente og ukjente
Urett skulle ikkje få seire
Vårherre har noko i vente
Ingen fleire kommentarar «filterfritt»
Meiningar om det meste
Some stunder stritt å halda tritt
Alltid meint for det beste
No har Jonfred`n mønstra av
Ei tid er forbi
Me tenkjer på alt han gav
Sjølv om det var tider med mindre å gi
Det vert litt stillare no
På Kolstad Hovudgard
Me ynskjer deg fred og ro
Kjære (sviger-, beste-, olde-) far
- Frå ein svigerson