Informasjon

Henrik Fløysand

• 10.12.1944 - 29.10.2018

Henrik blei 73 år gammal. Han vaks opp på Fløksand, men han budde også nokre år i Bergen og i Alversund. I denne perioden fekk han to brødre, Arne og Jan.
Han var berre 15 år gammal då han reiste til sjøs. Et minne brødrene hans har frå den tida, er at det var stor stas då storebror kom heim frå sjøen, og hadde med seg spennande leikar til dei.
Då Henrik var 25 år kom han heim igjen. Då tok han noken småjobbar på båt og ferge. Han fekk så et tilbud om å være motormann på ei ferge som gjekk mellom nord- og sørsida av sognefjorden. Det var her han møtte på Margretha Dale som og hadde jobb på same ferga. Det vart giftarmål og kort tid etter kom Mona til verden. Deretter kom Liv - så tankar om å reise ut på sjøen igjen la Henrik bort.
Dei neste 6 åra budde han på kaien på Seim sammen med familien sin. Der hadde han jobb hos H-pannen som familien Risa dreiv. På Seim budde dei til eldstejenta skulle begynne på skulen. Henrik tok då familien med seg tilbake til huset på Fløksand der han sjølv vaks opp. Han hadde då fått seg jobb hos firmaet Frank Mohn.
På Fløksand vart dagane til Henrik fylt med mykje jobbing, det var mykje å ta tak i på eigedommen. Målet var å få ein bedre standard på både hus og hage. Huset fekk tilbygg og blei ellers renovert både innvendig og utvendig. Gamle trær og busker vart felt og nye vart kjøpt inn. Henrik likte å være ute i hagen og stelle. Han var veldig glad i blomster, det kunne ein sjå i beda rundt huset.
5 år etter at familien på 4 var etablert på Fløksand, kom Halvard til verden, og det var stor stas for alle.
Etterkvart vaks familien enda meir. Trond og Gisle kom inn som svigersønner og det blei totalt 5 barnebarn. Mona fekk trillingane Maren, Even og Erlend, og Liv fekk Trude og Helene.
Årene gjekk og Henrik blei pensjonist. Han slutta etter 32 år hos firmaet Frank Mohn. Heilt i begynnelsen av pensjonisttilværelsen kom plagene. Formen gjekk mykje opp og ned dei neste åra, men han jobba i hagen så lenge han klarte. Til slutt sa kroppen stopp, og han måtte reise frå huset og hagen. Det skulle vise seg at han var blitt alvorlig sjuk. Han vart brått pleiepasient og måtte bu på solkroken den siste tida. Han holdt motet oppe heile veien, til han til slutt måtte gi tapt.
Vi vil ta med oss de gode minnene videre og takker deg for all omsorg du har gidd oss gjennom livet.  «Sov videre uten smerter-
du lever videre i våre hjerter.»

Bestill blomster Blomster
Gi en minnegave Minnegave