Kjære Kari ❤️ Dette var uventa. Trist Har nettopp hørt du ikkje er bland oss meir ..ville gjerne vore med deg I går, hadde eg vist da !! Me har kjent kvarandre sidan me var små. Alltid gode venner!! Alltid i godt humør . Snakka med deg nett før jul, du sa du skulle til Bjarte i jula, og glede deg. Mine tankar går til Turid, Anita og Bjarte. Signe minnet. Kvil i fred Kari . Gode minne frå Anne Britt ❤️
Du var ein god venn å ha. Kava deg ikkje opp, behagelig å være i lag med. Me hadde same humor. Forstod kvarandre. Har kjent deg sidan me begge var ca 13 år. Gjekk på framhaldskulen og realskulen i lag. Så vart det nokre år me vart opptekne med arbeid, familie og barn. Dei siste år har me hatt oftare kontakt. Mobilen blei tatt i bruk , både med SMS og muntleg. Komfirmantane har vore i lag kvart 5. år frå me hadde 25 års jubileum. Siste gong me var i lag, overnatta eg hjå deg i huset på Eidsland. Då fekk me snakka om våre liv i fred og ro. Eg hadde mista mannen min då, ikkje lenge etter mista du mannen din. Me snakka på telefonen og samtalene var fine, me forstod kvarandre. Korleis me takla situasjonen me begge var i. Siste gongen eg snakka med deg, var nokre dagar før jul. Sorga var stor då eg fekk veta at du hadde forlate dette livet så plutseleg på julafta.
Takk for godt vennskap og gode minner. Saknar deg sårt.
Laura