Vår kjære tante Kjersti.
Når me tenker tilbake på tida me har hatt i lag er den full av gode minner frå då me var små. Du var ei engasjert tante som alltid hadde tid til oss og det var tydeleg at du likte godt å vera med oss. Dessverre har det blitt lengre mellom kvar gong me treffest de seinare åra, men slik vert det vel ofte når ein veks til og sjølv får familiar og blir opptatt med sitt. Likevel var du gjerne den første som sendte gratulasjonsmelding på bursdagane våre. Dei gongane me traff deg var du alltid interessert i korleis det gjekk med oss og kva nytt som hadde skjedd i våre liv. Grandtantebarna var du engasjert i og det var tydeleg at du brydde deg om dei også.
Sjølv om det har vore mindre kontakt dei seinare åra tar me vare på gode minner frå barndommen vår. Kjekke stunder på hytta i «Neset». Me kom og gjekk som me ville, sidan det låg så nært huset vårt, men me følte aldri at det var til bry for deg. Uansett kva du jobba med var me hjarteleg velkomne til å delta i arbeidet. Me fekk snikra og saga og du gav oss full tillit på at dette fekk me til. Det var nok dette som gjorde det ekstra stas. Me følte oss «store» i lag med deg. Du stelte ikkje i stand dei typiske barneaktivitetane, men lot oss delta i ditt vaksne liv, med rugknekkebrød og grøn te til frukost På hytta hjå deg var det alltid skikkeleg «hyttestemning». Det var sjeldan TV-en stod på, men me spelte kinasjakk, mikado og ludo. Me grilla pølser ute i steinomnen, gjekk i skogen og plukka bær og grøne vekstar som me laga både te og syltetøy av. Du lærte oss mykje. Ofte hadde me lyst å sove på hytta og. Du svara alltid ja, og me sprang heim for å henta tannkosten med ein gang.
Då di venninne Nina flytta med familien sin til Spania tok du med deg Veronica og reiste på besøk. Det var hennas første tur til utlandet og første gang i fly, men dette var ingen utfordring for deg. Du tok deg tid på den lange turen og forklarte heile vegen kva som skulle skje. Ho fekk til og med gå fram i cockpiten og helsa på piloten. Det ble ein minnerik og kjempefin tur. Ho fekk og vera med deg på hyttetur til firmahytta på Kvamskogen. Det var stor stas å få reise aleine på tur med deg. Då Veronica var 18 år og gjekk på skule i byn fekk ho bu i kjellaren til deg og Jostein i Austmarka. Du var alltid villig til å hjelpe og stilte opp når familien trengte det.
Når Joakim vart fødd sto me i kø for å passa den vesle fetteren vår. Det var stor stas for oss som ikkje var så stor sjølv å få gå aleine på trilletur med han.
Du har alltid vore flittig og glad i å laga ting. Hekling og sying resulterte i fine gåver både til bursdag og jul. Det finaste er klokkestrengane me har fått både då me sjølv var små og no til våre barn. Desse vil bli tatt godt vare på som gode minner.
Minna er mange og dette er berre nokre få. Me skulle så gjerne ynskje at me fekk mange fleir.
Me er veldig glad i deg tante Kjersti!
Kjære Kjersti . Eg kjenne sånn på smerten no at du er vekke ! ❤️. Heilt ufattelig og urettferdig ! Vil savne våre gode samtaler , din gode latter , sms, tlf kontakt og alltid om fredagen skreiv du Fredagsklem frå meg. Fekk eit bord frå deg i sommer som du hadde på hytto di . Det er eit godt minne frå deg og ein fin rød blonde kjole som eg gjekk med til jul og då tenkte eg på deg! ❤️. Eg såg alltid fram til å besøka deg ! Me kunne snakka i lag om alt! Du var jo min forlover i bryllupet og du var så fin i flott gul kjole ! Har mangen fine bilder frå den dagen! Tusen takk for du var min snille og gode venninde! I mitt hjerte . I mitt sinn, er du for alltid lukket inn ! ❤️
MINNE OM KJERSTI
Så ufatteleg trist at Kjersti er gått bort, det kjennest veldig urettferdig Saknet er stort ❤️
Eg var heldig å få vere god venninne med Kjersti i nesten 29 år, frå aug. 1990 då me møttast gjennom jobb/kontorfellesskap. Den gang budde me begge to i by’n, men den store kjærleiken førte oss begge etter kvart til Radøy. Me var i bryllaup til kvarandre. I den seinare tid var pendlinga til/frå jobb i by’n med på at me ofte treftast.
Kjersti var så varm, omsorgsfull og hjertegod. Me lo mykje ilag
Bildet som ligg ved her er frå kongebesøket på Radøy 18. juni 2009. Det var Kjersti som fekk meg med til Sletta, og me holdt ilag heile dagen. Kosa oss! Var ein fantastisk dag, med gode minne.
Eg saknar Kjersti veldig, og vil ta med meg alle gode minna inn i framtida Eg er så takknemleg for det gode vennskapet me hadde.
Varme tankar til Jostein og Joakim
Kvil i fred, kjære Kjersti