Takk for alle dei fine minnene, for timane bak pianoet, på kjøkkenet med ein kopp kakao, i bilen til og frå barnekantoriet, eller med ein katt i fanget. Oddbjørg hadde alltid tid, og delte raust av sin varme, godhet og musikkglede. Ho var nok lei av at eg alltid trakka dørene ned der, men viste det aldri. Takk for dei gode barndomsminnene, Oddbjørg.
Takk for livet og musikken, omsorg, varme og kjærleik ei heilt spesielt gåverik og gjennommusikalsk dame med eit velsigna raust hjarte siste vers; går «til paradis med sang»
Takk for at du lærte meg å spela orgel. Takk også for mange fine samtaler over ein kaffikopp på kjøkkenet på Mjøs. Varme tankar til familien frå oss her i Aurland.
Kvil i fred
Tusen takk,kjære Oddbjørg, for at du lærte meg å spela orgel.
Timane hos deg besto av varme,omsorg, musikk, læring og oppmuntring.
Eg har uendeleg mykje å takke deg for!
Kvil i fred
Takk for din kjærleik for barnekor. I våre barneår, lærte du oss verdien av song og musikk. Du har lært oss så mykje, som me har hatt og vil ha glede av i all tid.
Varme tankar til alle i familien.
Signe minne.
«Dine lepper er fulle av sanger,
hvorfor denne glede, hvor kom den fra
Fra den grav der han legeme hvilte,
Han sto opp og verden ble fyllt med sang»