Idag, 22. april, skulle du, god, snille faren min ha feira 88 års-dagen din. Du var for meg ein bauta og ein inspirasjon. Dette diktet som du skreiv er så illustrerande for den mannen du var.
Om urett!
Å lida urett er visleg ille, - det har nokon kvar fått røynt
Mange ber slikt med tol i det stille, -og held det for andre løynt.
Eg har eit ord til trøyst for slike, -for barnet, for kvinna og karen;
Den som urett gjær er utan like mykje meir ille faren!
av Bjarne Storheim
Eg har kjent deg i mange år, og vil hugse deg som ein særs triveleg kar med glimt auga. Eg vil takka for gode samtalar og treff gjennom åra, ikkje minst i dei tider du var fast på verkstaden til bror din, Guttorm, med vaflar og kaffi. Du var alltid oppteken av Brandagersundet, og ikkje minst Rørtveit. Også takk for samarbeid gjennom forstanderskapet I Sparebanken Vest. Eg lyser fred over ditt minne. Helsing Solveig Austgulen Johnsen.
Heidersmannen Bjarne Storheim har gått bort. Ditt arbeid sette spor etter seg gjennom samfunnsgagnleg engasjement og arbeid til beste for bygdene våre gjennom alle år. Hjarteleg takk for mange gode samtalar og mange gode innspill. frå ein likandes kar. Eg vil ta vare på alle dei gode minna.
Bjarne var med og starta klubben i Radøy for snart 40 år siden. Gjennom mange år ytte han mykje til beste for mange. Me vil minnast Bjarne som ein retteleg samfunnsbyggjar, og som ein likandes kar..Hjarteleg takk for mange gode stunder og interessante samtalar. Me føler med familien i ei tung stund og vil ta vare på alle dei gode minna.
Bjarne var ein bauta i verksemda i Bergen der han hadde sitt virke i mesteparten av sitt arbeidsliv. Han markerte seg og som ein bauta i sin kontakt med kollegaer i andre verksemder i same bransje. Han sto fram men ro, framsyn og ofte med og god lun humor.
Personleg har eg kjent Bjarne i ein mannsalder og vi har hatt mange og gode samtaler, både privat og innanfor arbeidslivet i vår felles bransje.
Eg vil sakna Bjarne Storheim, men ta vare på mange gode minner.
Arne Nymark
Tusen takk, Bestefar, for alle songar, historiar og løye i lag med deg. Takk for at du fekk oss rundt deg til å kjenna oss så viktige. Eg har så mange gode minne. Klem frå Solbjørg
Takk for alt du var for meg og mine, kjære pappa. Det var alltid så kjekt å koma på besøk til deg, både heime på Storheim og seinare ute på Manger, for du viste så tydeleg at du alltid vart glad når me kom. Det var godt for oss alle. Me hadde mange fine song- og lesestunder frå permane dine. Kjem til å sakne det og deg. Kvil deg no, pappa. Glad i deg. Klem frå «snille-vesle»
En mann med varme, med visdom og med mot til å vise følelser og kjærlighet. Gode minner, og mange flotte opplevelser. Hvil i fred, gode Bjarne. Det er vondt å ikke kunne være med om begravelsen, men det er flott at såpass mange fra familien likevel kan samles i disse dagene. Gode tanker sendes til dere alle. Klem fra Philip