Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Minneord til far min,
Agnar Andreas Sagstad
83 år fekk du
På livets hav...
Du rodde kvar ei bølgje
Opp
Og ned
I storm og stille
Stod du som ein bauta
Med stolthet
I eigenbygd båt
Båten som tålde alle strabasar
Som alltid fekk deg sikkert i havn
Kvar einaste gong
Og vi borna var alltid trygge
Du fekk oss alltid fram
Ein dag stod vi sjølve i eigen båt
Men du var der likevel
Du rodde ved sida
Med oppmuntrande ord
Skubba båtane våre
Drog båtane våre
Var der alltid for oss...
No har du stille lagt årene inn
Treng ikkje ausa meir no
Der andre forbanna,
der klagde du aldri
Du mildna, når andre såg svart
Vi unnar deg kvile
Men savnet er sårt
Det vert tomt utan deg,
utpå fjorden...
No ror vi båtane vidare sjølve
Åleine
Utan deg
Men DU har lært oss
Så vi klarar oss nok...
Takk for at du alltid var der!
I mitt hjarte ️
Unni