Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Takk for alle fine stunder kjære besten️
Takk-
For dei gongene me fekk overnatta i bagasjerommet på ein gammal bil du hadde ute i hagen.
For at me fekk sitta på lasteplanet mens du kjørte i ein av dei mange pickupene du har hatt.
For at du lærte oss å skyta og saga med motorsag lenge før lovlig alder.
Takk for at du fiksa bakluka på kadetten til mor mi når eg hadde lånt den utan lov (14 år)og rygga ned postkassestativet heima, før far min kom heim frå båten han var på og fekk sett da.
Takk for at du tok oss med på alt mulig, og at du viste oss kva som gjekk an med kreativitet.
Tusen takk for at du har holdt deg i livet til du var godt over 90, og vært bestefar i 41 år og oldefar i nesten 21 år.
Tusen takk for alt kjære besten, kvil deg no, du har ikkje brukt for mangen søndager til det❤️🕊�️🛠️
Du sa ofte at vi har hatt eit godt samarbeid i alle år, og at den fyrste du snakka med då de flytta til Stanghelle var far. Han gav deg ei hand med flyttelasset. Dette er svært lenge sidan. Du har i alle år gitt den hjelpa det har vore bruk for. Du har hatt ei løysing på det meste, og det har alltid vore lett å spørje om hjelp. Takk for all hjelp og gode minner. Bjørg