Eg savner Sverre veldig mykje ein spesiel flott lærar som virkelig sett elevane sine framfor alt Anna Sverre var for meg ikkje berre ein lærar men ein ein støttespelar og ei venn Ja faktisk Det er for andre rart men ein elev som treng så mykje hjelp blir han er venn og Eg vil aldri glømme Sverre 🙂
I dag er det 2 år sia du død savner etter deg er like stort kver dag . Du var ein kjempegod lærar .Manger er ikkje det samme uten deg
Et år har godt sia du gjekk vekk Takk for den du va
Manger er ikkje det samme uten deg eg savvner deg masse kver dag , du betydde så utolig masse for meg du kjem aldri til å bli glømt
Nokre ord under minnestunden ved min bror Sverres gravferd.
Sverre var ein god og kjær bror for meg gjennom oppveksten på Manger,og me hadde god kontakt, også etter at eg flytta frå Manger. Eg trur eg trygt kan sei at han var min beste kamerat gjennom oppveksten.Han var alltid der,så det var kanskje ikkje så rart at dei vaksne
i bygda kalla oss for "Sverregutane" - etter far vår, Sverre.
Med berre 1 1/2 års aldersskildnad mellom oss,vaks me opp i ein heim der butikken var sentrum for all aktivitet i familien.Alt dreidde seg om den,
og der var det eit yrande liv frå morgen til kveld.Dette sette nok preg på oss ungar,og etter kvart måtte me to gutar, og søster vår,Inger Berit,ta del i
arbeidet om somrane og i skuleferiane,for å få arbeidet unna.På mange måtar opplevde vi dette livet som trygt og godt for oss ungar,og vi hadde stor
fridom til leik og aktivitetar med kameratane.
Vi møttes ofte på benken framfor butikken,og der diskuterte vi gjerne kva vi skulle finna på den dagen.Dersom vi ikkje valde bading i Nesvatnet,eller cowboy og indianar i Raunholmskogen,så enda det ofte opp med noko som hadde med konkurranse å gjera.Me elska alle formar tevlingar,og
fantasien var god.Eit par eksempel:
1. Spydkast med spett 2. 7-kast med kule
Etter OL i Melbourne i -56,der Egil Danielsen tok norsk gull,tok far vår oss med på eit oppvisningsstevne på Krohnsminde stadion i Bergen,der Danielsen kasta.Dette var eit stort øyeblikk for oss brødre,og dei neste dagane fann med ut at spydkast var noko me måtte trena på.Men spyd hadde me ikkje,så derfor spettet.
Kulekast var spennande.Ein lang og bein grusveg bort mot doktorbustaden til doktor Hetland,gjorde susen.Kven kom lengst bort mot trappa opp til
legekontoret etter 7 ulike kast.Vi fikk lov av legen til dette,for doktor
Hetland var alltid interessert i kva vi gutar heldt på med,og etter kvart
Hetland var alltid interessert i kva vi gutar heldt på med,og etter kvart
skaffa han oss
også ulike typar idrettsutstyr.Han var svært interessert i sport.
Vi arrangerte også NM,EM,VM og OL i luftgeværskyting.Høytidelig trekning av rekkefølgen vi skulle skyte etter,var særs viktig.
Dette er berre nokre av dei konkurransane vi dreiv med.Friidrett- skøyteløp-fotball-skiidrett var også aktivitetar som var populære.
Å køyre lastebil lærte vi tidleg.Det begynte med at lastebilen til far vår måtte flyttast til framsida av butikken kvar gong varebilar frå Bergen kom for å levera matvarer eller kraftfor til butikken.Det tok vi brødre oss av.Den som først fekk ein fot på pedalen,hadde retten til å kjøre bilen vekk frå lagerinngangen."Taparen" fekk likevel retten til å rygge bilen vår attende på plass når sjåføren frå Bergen hadde køyrt.Det måtte vera rettferdig.
Nokre år seinare var vi vel tidleg ute med å køyra ut varer med lastebilen-utan sertifikat og utan at far vår var med.Lensmannen kom med "milde"
beskjedar om å slutte med ulovleg køyring,så han var svært glad då vi brør fekk sertfikat.
Etter kvar gjekk turen til Bergen og Tanks gymnas, der vi begge gjekk.Dette betydde hybelliv,og vi budde i lag i Rogagaten i 3 år.
I denne tiden var Sverre nokså distre av seg,og når han plystra,var han i ei anna tankeverd.Plystra gjorde han tidt og ofte.Det måtte bare oppstå rare og morsomme situasjonar av dette.
Uskrivne reglar var viktige.Ein av dei var at bossbandet skulle setjast ut ved porten kvar fredag morgen,og dette måtte gå på omgang.Ein fredag bror min verka særs "langt borte",måtte eg minna han på bossdunken.Sverre gjekk med veska i eine handa og bossdunken i andre,gjennom porten og ned mot busshaldeplassen.Han glemte å setja frå seg dunken.Eg sa ingenting,ville sjå kor langt dette gjekk.Men då han var i ferd med å gå inn på bussen,måtte eg bare pikka han på skuldra og peika på dunken.Han sprang fort mot porten,men rakk sjølvsagt ikkje den bussen.Trur han kom litt for seint til første time. Likevel-tre fine år på hybelen i Rogagaten.Han har vore ein viktig bror for meg i livet,ein bror eg kunne stola på,der ein avtale var ein avtale. Han har gitt meg mange gode minner, og han var ein bror eg var glad i og som vil bli djupt sakna.
Øyvind
Minneord til Sverre. Manger 3. august.
Kjære Torbjørg, Synnøve, Gullborg og Tor Sverre med familiar!
Gjertrud søster og eg møtte Sverre då han og eg var elevar ved realskulen i Alversund frå hausten 1961, Gjertrud var lærar. Me hadde fine år i lag der. Sverre sine evner og interesser innan musikk og idrett var alt klare særmerke.
Etter nokre år med vidare skulegang og tilfeldige treff så dukka Sverre opp i heimen på Tveiten i 1969 - 70, men no i selskap med veslesøster Torbjørg. Dette nye førte Sverre rett inn i vår familie med giftarmål og etter kvart ein eigen familie. Frå første stund gleid Sverre inn som ein roleg men aktivt deltakande del av vår veksande storfamilie.
Me huskar den første heimen på Sletta, så leige og deretter hus på Solend og til slutt heimen på Manger som Sverre bygte med stor eigeninnsats. Alltid kjekt å koma til Sverre og Torbjørg og familien deira. Der og andre familielag rundt om havna ofte praten mellom mennene om idrett og idrettsresultat, med Sverre som aktiv og kunnskapsrik deltakar.
Sverre var aktiv og engasjert, ofte i lag med Torbjørg. Ferieturar både lokalt og etter kvart med sykkel rundt om i England og Europa elles imponerte og inspirerte. Sist me snakkast om dette for nokre veker sida anbefalte Sverre varmt sykkelruta mellom Berlin og Køpenhavn eller turane de hadde hatt langs elvar lengre sør.
Dei siste åra vart ein lang kamp mot ein snikande sjukdom. Sverre , ilag med Torbjørg og familien, kjempa kampen med eit utruleg pågangsmot og innsats for å vera tilstades og i lag så lenge som mogleg. Heilt til det siste heldt han oppe aktivsida si med daglege turar i nærområdet.
Me kjenner på det tunge tapet av ein god svoger og onkel og ikkje mindre på det han Sverre har vore for Torbjørg og familien sin. Ha takk for alle dei gode stundene i lag og alle turane til Toska, Dyrkollbotn og rundt om elles.
Med helsing frå Gjertrud og Audun, Kari og Bjarne, Gro og Arnljot, Torunn og meg og våre familiar, lyser me fred over Sverre sitt gode minne.
Sverre var en høyt respektert og svært godt likt kollega. Vi samarbeidet om mange klasser, og det var alltid så trygt å ha ham som medlærer og samtalepartner om ulike utfordringer, enten det gjaldt fag eller håndtering av utprøvende elever.
Sverre var en bauta i personalet, og også for elevene var han den trygge, solide støtten mange trengte. Tydelig og klar i sine forventninger, men også varm og imøtekommende med en morsom kommentar til mangt, og, som regel, med et lunt og lurt smil fra øyekroken.
Jeg har savnet Sverre, og jeg synes det er så leit at jeg ikke fikk holdt kontakten bedre ved like. Om Torbjørg og barnas savn er stort, må det forhåpentligvis bli mindre sårt med vissheten om at Sverre gjorde så mange mennesker godt.
Det var ein sjokkaereade bekjed få ein snill og omsorfull lærar og kontakt person for klassen vår var du og alltid er Lundt smil og masse gode samtaler Takk for alt du var ikkje berre ein lærar men og ein støttespelar . Varmeste tanker til famelien
Takk til snille, flotte og sporty onkel Sverre for fine barndomsminner, -alltid kjekt å dra på tur til Manger!
Takk for mange gode år saman på Radøy Ungdomsskule. Me minnes Sverre som ein god og kunnskapsrik kollega, med glimt i auga og ein god kommentar. Fred over Sverre sitt gode minne.
Haldis og Kåre
Vi takker for mange gode minner som vi har fra turer og opplevelser sammen.
Vi vil savne deg som en god venn, ditt gode smil og gode humør.
Våre varme tanker går til Torbjørg og familien.
Med kjærlig hilsen Annemor og Emil.
Takk Sverre for den du var som lærar og ikkje minst person. Kvil i fred.
Det kjennest svært sårt at Sverre har gått bort. Han var eit stort førebilete for meg, først på fotballbana, så i Manger Musikklag og seinare i Old Star, men aller mest for hans veremåte og hans reflekterte og tolerante syn på medmenneska og samfunnet. Eg kjem for alltid til å hugsa Sverre som ein stor lagspelar i ordets vidaste forstand. Fred over Sverre sitt gode minne!
Jeg kommer til å savne deg mye!
Kommer aldri til å glemme den spreke,snille og omsorgsfulle bestefaren du har vært for oss alle.
Glad i deg!
For Øyvind og meg har Sverre vore ein del av både oppveksten og arbeidslivet vårt. Som barn og ungdom var han alltid Sverregutten, som rimeleg var. Då hugsar me han som ein av"dei store, vaksne" gutane.
I vaksen alder vart han ein god kollega, med sin lune humor, den treffande kommentaren og, ikkje minst, hans pedagogisk dugleik og faglege styrke
Me minnest Sverre med stor glede og lyser fred over minnet hans
Oddfrid og Øyvind
Kjære Sverre.
Det var med sorg at eg såg du døydde 23. Juli.
Du var læraren min i ungdomsskulen og gav meg tre flotte år med mange gode minner. Særleg hugsar eg klassen engasjert i tipping av resultat i NM/VM/OL for skøyter, og klasseturen på sykkel gjennom Radøy, Austrheim og Lindås med overnatting i telt.
Eg har og gode minner frå då du var dirigent i Sæbø Skulemusikklag.
Kjekt var det at mitt eldste barn og fekk deg som lærar i ungdomsskulen. Du skulle ha dei i friluftsliv og låg i hardtrening før skulestart for å halda følgje med ungdomen som du sa.
Me minnes deg med glede.
Kvil i fred.
Berit Marie og Ingrid Marie
Storheim
Sender varme tankar til familien.
Det er til våren 40 år sidan Sverre Kolstad sendte oss ut i verda etter fullført 9årig skulegang. Sverre var ein svært dyktig lærar som sette gode og varige spor hjå oss og gav oss ein god bagasje med vidare i livet. Han var engasjert i elevane sine og møtte oss med respekt og klokskap enten det var i klasserommet eller på fritida.
Sjølv hadde Sverre som dirigent i Sæbø Skulekorps, der han og la ned ein betydeleg innsats for oss som var barn og unge.
Takk for alt du gav til så mange! Fred over minnet til Sverre Kolstad.
Eg vil alltid minnast Sverre som ein triveleg kollega, med sin lune humor og sine herlege kommentarar. Ein kunnskapsrik, inkluderande og inspirerande lagspelar som elevar og tilsette ved Radøy ungdomsskule fekk gleda av i mange år.
I PPT (Pensjonerte Pedagogers Turlag...) fekk vi pensjonistar dele den gode kameratskapen i lag med Sverre på mange fine torsdagsturar. Han vil verte djupt sakna, og vi vil ha med oss fine minner om denne gode venen, denne flotte kollegaen, denne herlege turkameraten.
Fred over Sverre sitt gode minne.
Vi har særs gode minne etter Sverre som ein samvitsfull og dyktig medarbeidar gjennom mange år. Den gode kommentaren og det smittande humøret var med på å skape eit godt sammensveisa kollegium i tida på Radøy ungdomsskule. Han vil verte djupt sakna.
Marit & Helge
Eg minnast ein ungdommelig, imøtekomande, omgjengelig og omsorgsfull far for Synnøve.
Eg ville gjerne delteke i gravferda men er dessverre forhindra,
Fred over gravferdsdagen og hans gode minne.
Beste helsing May-Irene Wergeland