Kjære Liv
Takk for at du gav meg livet!
Takk for at jeg fikk møte deg!
Takk for den flotte familien jeg nå har fått møte og blitt kjent med!
Marit
MINNEORD TIL MAMMA frå Hildegunn
Mamma var veldig kreativ, ho fiksa og ordna, sydde klede til oss når me vaks opp. Sydde bunader til oss, sydde klede på bestilling i bygda Eidslandet. Gjekk på Teikning form og Farge i Arna etter at ho var godt vaksen. Malte bilete, dreiv med porselensmaling og sydde veggtepper, blant anna.
Mamma stod aldri fast, ho fann alltid ei løysing på praktiske ting. Ho tapetserte, malte vegger og pusset opp. Flink å lage mat, bake kaker og brød. Eg huska når eg var liten, og hadde herja på ute heile dagen, og kom skrubbsvolten heim, og Mamma hadde nysteikte, heimelaga grovbrød! Eg kan endå kjenna smaken av smelta Sjokade oppå ein stor nysteikt brødblings.
Eg huska veldig godt eg og Mamma tok bussen til Dale og gjekk i andre etasje øve Handelsforeninga, der hadde dei mønster og stoff i lange baner. Der fekk eg velja ut mønster og stoff til bukse, bluse og jakke. Eg skulle på klassetur i 7-klassen, og då skulle alt vera nytt og skikkelig.
Mamma var ei veldig omsorgsfull og god mor, ho var ei skikkeleg «Løvemor» som samla og passa på flokken sin. Ho sa alltid til meg når eg hadde det vanskeleg, at eg kunne ringa til henne kortid som helst, om det var kl 3 om natta eller 2 om dagen. Ho kom kjørande heilt frå Bremnes åleine utan å nøla! Mamma var familiens Høvding , ho samla familien i gebursdagsbesøk, til jul og krabbefest, og andre anledningar.
Han Hans sa alltid, viss han blei spurt om noko han ikkje heilt kunne ta stilling til: Nei, då må eg snakka med Høvdingen! Og da var ein veldig god beskrivelse av Mamma, ho var verkeleg Høvdingen i familien og familiens overhode so trekte i trådane og inviterte i familieselskap å elska og komma i besøk, ikkje minst.
Mamma ringte alltid ei stund før me eller barnebarna hadde gebursdag og spurte om me skulle ha gebursdagsbesøk. Barnebarna feira me alltid, og som oftast oss og, men når me «ongane» vart eldre, so syns me kanskje av og til at me ikkje trengte å laga til nåke, besøk, då sa me kanskje: nei, eg har no gebursdag midt i veka, eg ska på jobb, da passa ikkje osv. Då svarte alltid Mamma: SKA DU IKKJE HA BESØK KAFØ DA Du MÅ jo ha besøk! Du kan jo feira da til helga! So stort sett vart da besøk, for Mamma elska å komma på besøk til oss og samla familien.
Mamma var og veldig glad i hagen «sin», og i hagearbeid, og hadde alltid nye planer for uteområdet.
Eg saknar deg so mykje, kjære Mamma, du anar det ikkje. Bestaste Mamma ein kunne hatt. Kan ikkje forstå at eg aldri kan snakka med deg meir, ikkje ringa, ikkje senda Snap, ikkje besøkja deg, og du kjem heller aldri meir på besøk….
Kjære Mamma
Det er framleis uforståeleg at du er borte. Sjukdomen reiv deg bort fort og brutalt. Tilbake står vi i sjokk og vantru. Prognosane endra seg over natta frå å være positive til å bli skremmande. Vi ville så gjerne at du skulle blitt lenger her hjå oss, det var så altfor tidleg å dra.
Du gav oss ein trygg oppvekst på Eidslandet. Du var heimeverande og alltid tilgjengeleg for oss borna. Heimen var ein open og sosial arena, du likte liv og røre og stelte ofte istand til selskap. Du var bygda og familien sin skreddar. Syrommet var nede i 1 etasje. Der var det fullt opp med mønster og stoff. Folk kom til deg for å få sydd klede. Du tok mål og sydde, undervegs måtte det prøvast og justerast. Du lagde slengen i slengbuksa, jakkeslaget på blaseren, mansjetten på kjoleermet akkurat slik folk ville ha det. Det var ein jamn trafikk med folk, som alle til slutt gjekk nøgde heim med sitt nye plagg. Symaskina har alltid vore fast inventar i livet ditt både då og etterpå.
Når du hadde klubb på Eidslandet vart heimen omforma til ein stor masse av lyd; lyden av glade opprømte kvinnestemmer. Og til ein stor masse av duft; duften av klubbmat. Midt inne i dette var di glade stemme. Det var godt å høyre på frå senga. For vi borna var i god tid før sendt til sengs. Borna skulle sove, dette var frikveld for mødrer. Men du passa alltid på at vi fekk smake restar dagen etter.
Du hadde ei eiga evne til å skape ein heim. Alle stader du har budd har du klart å lage heimekoselege og trivelege uansett utgangspunkt. Din siste heim som du og Hans bygde på Bremnes var også slik. Der realiserte du draumen din og bygde draumehuset. I huset er det god plass til besøk. Mange kan sitje rundt det store spisebordet, og med godt og vel 10 gjestesenger står det ikkje på overnattingsplassar. Du ville at alle skulle kunne samlast hjå deg, og dette la du stor vekt på i utforminga av draumehuset.
Mamma du har alltid vore sjølvstendig. Du var mykje åleine og måtte ordne opp sjølv. Din første ektemann, pappa, var vekependlar på anlegg, og i helgene ofte spelemann i bryllup og til dans. Din andre ektemann var sjømann som innebar mykje reising med lange periodar vekke. Men du klarte brasene på heimefronten utan problem. Du fortalde at du nærast er vaksen opp på snekkarverkstaden til bestefar og lærte slik tidleg å være handywoman. Dette kom godt med seinare når du måtte ordne opp i alt mogleg på eigahand.
Di interesse for vakre ting, maleri, pyntegjenstander, bilete og interiør ber heimen din preg av. Du var med i kunstklubb og samla på kunst. Du laga mykje vakre ting, og du likte å gi vekk eigne arbeider til stor glede for oss. Du arbeidde med pensel og palett, både på lerret, porselen og tekstil. Du arbeidde med symaskin og mykje flott saum er skapt av dine kyndige hender. Spor av dette ser vi i heimane våre og i heimen din og det er til stor trøst no, i tida utan deg.
Du lika godt malaren Nikolai Astrup. Sommaren 2016 besøkte vi Henie Ohnstad kunstsenter saman, ditt første besøk der. Tilfeldigvis var det akkurat då Astrup som var hovudutstillar. For eit lykketreff. Vi planla der og då at neste gong skulle vi besøke Munch museet. Slik gjekk det dessverre ikkje mamma.
Du elska å være bestemor, og du elska barnebarna. Du fylgde dei tett og hadde eit stort engasjement i tilværelsen deiras. Du likte å skjemme dei bort og var gavmild og raus på alle måtar for dei. Du stilte opp på håndballkampar, korkonsertar, danseoppvisning og korpskonsertar så sant du kunne. Vegen frå Bremnes var kort for deg når det gjaldt å stille opp og delta for barnebarna.
Din kjærleik omslutta også oss barna dine. Du gav ubetinga av ditt store bankande hjarte, og førte oss fram i livet i trygg forvissing om at du var der for oss alltid.
Midt oppi sorga over å miste deg så er det ei glede mamma. Det siste du gjorde i livet var å gi oss ei søster. Hemmeligheten om vår søster hadde du bore på i over 60 år. For tre veker sidan kunne du endeleg snakke ut om hemmeligheten og fortelje om vår søster.
Du gav liv til henne men ho kunne ikkje vekse opp hjå deg. Ho måtte forlate deg rett etter at ho var fødd. Dette må ha vore veldig vanskeleg for deg.
Du fekk heldigvis oppleve å møte henne igjen og de rakk å bli kjendt med kvarandre. Det var eit godt møte mellom deko to, og det gav deg hjertefred då ho fortalde at det hadde gått henne vel i livet.
Tenkjer på alle vanskane du må ha hatt, men uendeleg glad for at vår søster rakk å møte deg og uendeleg glad for å ha fått ei storesøster.
Takk for alt kjære mamma. Takk for at du alltid var der for meg. Elska deg.
Kjære fine, gode, tante Liv
Det er uvirkelig at du ikke er her mer, og du etterlater deg et stort tomrom i familien. Et tomrom vi skal fylle så godt vi kan med gode minner om deg.
Selv om vi ikke treftes så ofte, hadde vi god kontakt på Snapchat (av alle ting). Vi sendte bilder, oppdateringer og hilsninger til hverandre, og det var alltid så kjekt med melding fra deg Etter at du ble syk ble det mange 'Heier på deg'- meldinger også, og da vi møttes hos tante Elin for noen uker siden, var vi enige om at det måtte bli nytt treff veldig snart. Det ble ikke slik, dessverre, men jeg er utrolig glad for klemmene fra det siste møtet, kjære tante Liv. Stor klem fra Katrine og gutta
Takk for gode minner gjennom mange år.
Fred være med deg kjære venn!
Tap ikke motet..
Tap ikke motet, du kjære. Da er noe dyrebart tapt!
Gud har en lekse å lære,
hvert menneskebarn han har skapt.
Bakom de tyngende gåter, den motgang som her møter deg.
Er det en vilje som råder,
en visdom som alltid vet veg.
Her skal vi bie og bede, og bede og bie på ny.
Når solen er aller lengst nede,
da bær det mot morgengry.
Korset som tynget din nakke. Kan bli til din rikeste sang.
Og da kan det skje du vil takke,
for det som du gråt for engang.
Kjære Liv
Eg har lyst at far og mor er med på minnesida di. Bjarte og eg er med på dette bildet som din onkel Ingvald tok seint i 1955 - nokre månader etter at Bjarte var fødd.
Kjære gode Liv Kari ❤️
Du hadde hjerte av gull , en varm og inkluderende utstråling , tok imot alle med åpne armer , elsket dine nære og kjære med hjerte og sjel
Alt du gjorde rundt deg ute som inne blomstret og skinte av omsorg og kjærlighet , du elsket å stelle og stulle med de som trengte det , du gjorde dagen og livet til alle rundt deg lysere og vakrere med humor latter , glede og utrolig god mat alltid , du samlet familie og venner rundt bordet så ofte du kunne .
Der det er kjærlighet er det husrom og det er det i hjemmet som du og Hans har skapt sammen omkranset av en fantastisk hage som du hadde veldig kjær , men vakre herlige deg Liv du overgikk både hus og hage med ditt fantastiske vesen , nydelig sjel og utrolig pen dame ❤️
Ungdommelig , litt rampete , morsom og gøy å være med , alltid tid til gode samtaler og brydde deg om at alle skulle ha det bra , var det noen som ikke hadde det bra så gjorde du alt i din makt for å hjelpe du var alltid så positiv og klagde aldri ❤️ du kjempet for livet , og vi mistet deg så alt for fort
Vår kjære Liv vi har deg alltid i våre hjerter ❤️ tårer , sorg og savn vil alltid finnes , så trøsten er å bringe fram de gode minner takk for alt du gav av deg selv ❤️ at vi fikk låne deg så lenge , himmelen har fått en ny engel ❤️
Kjære gode, snille, omsorgsfulle og kloke Mammo mi ❤ stilte alltid opp for oss, om det var i glede eller i sorg. Du gjekk bort so fort, kan nesten ikkje forstå at du er borte for alltid. Lyser fred over ditt minne, Mamma ❤